Kva for språk me brukar, har mykje å seia for korleis me forstår oss sjølve, korleis andre menneske forstår oss, og korleis me forstår dei. Saman med kultur er språk også ein berar av historie, og det er den viktigaste felles samfunnsinfrastrukturen vår. Det er med på å skapa fellesskap og tillit og å styrkja demokrati og deltaking. Det nordiske språkfellesskapet er difor viktig for den vedvarande utviklinga av ein fellesnordisk identitet, og er på den måten med på å fremja Norden som verdas mest integrerte region.
I store delar av Norden snakkar ein eit av dei skandinaviske språka, samstundes som fleire andre språk også høyrer heime i den fleirspråklege regionen vår. Og me ser på alle språk som likeverdige, sjølv om ikkje alle har den same rolla. Dei samfunnsberande språka i Norden, som kan brukast til offisielle formål, er dansk, finsk, færøysk, grønlandsk, islandsk, norsk (bokmål og nynorsk), dei samiske språka og svensk, der dei samiske språka og grønlandsk er definert som urfolksspråk. Følgjande språk har dessutan ei særstilling som nasjonale minoritetsspråk, grunna sitt lange nærvær i Norden: meänkieli, kvensk, finsk, dei samiske språka, romani (chib), romanes, jiddisk og tysk. I tillegg kjem dei nordiske teiknspråka. Dessutan har mange nye språk og dermed nye morsmål kome til gjennom åra på grunn av innvandring frå andre språkområde. På skulen lærer alle barn og unge engelsk, og i ulik utstrekning andre språk. Det er viktig at me i Norden har veldig gode kunnskapar i språk med internasjonal rekkjevidde. Denne fleirspråklegheita og parallellspråklegheita bidreg til å styrkja Norden si stilling i verda og den felles visjonen vår.
Som nordisk fellesskap ynskjer me å bevara og utvikla alle språka våre og språkfellesskapet vårt. I samsvar med Helsingforsavtalen skal undervisning og utdanning i Norden omfatta undervisning i språka, kulturane og samfunnsforholda i dei andre nordiske landa, medrekna Færøyane, Grønland og Åland. Me ynskjer å styrkja den felles kunnskapen om og forståinga av språka som blir snakka, spesielt forståinga av dei skandinaviske språka. Interessa for nordiske språk og nordisk samarbeid skal styrkjast hjå barn og unge. Det er dei som skal føra det nordiske fellesskapet vidare.
Målet for denne deklarasjonen er at han skal utgjera grunnlaget for ein overordna, samla, langsiktig og effektiv språkpolitikk der:
Norden sine samfunnsberande språk er og held fram med å vera sterke og levande
dei samfunnsberande språka held fram med å vera samfunnsberande og framleis kan brukast som vitskapelege språk
det nordiske samarbeidet også i framtida vil føregå på dei skandinaviske språka, det vil seia dansk, norsk og svensk
alle språka som høyrer heime i Norden, lever vidare og blir utvikla i ei tid prega av digitalisering, medrekna kunstig intelligens, internasjonalisering og migrasjon.
Den nordiske språkpolitikken komplementerer dei nasjonale og har fokus på å sikra at alle nordbuarar:
kan snakka, forstå, lesa og skriva det eller dei språka som fungerer som samfunnsberande i området der dei bur, slik at dei kan delta aktivt i samfunnslivet
kan kommunisera på minst eitt skandinavisk språk og har kunnskapar i dei andre skandinaviske språka, så dei kan ta del i det nordiske språkfellesskapet
har moglegheit til å bevara og utvikla morsmålet, urfolksspråket, teiknspråket og det nasjonale minoritetsspråket sitt
har tilgang til informasjon om språklege rettar og språksituasjonen i Norden
Målsetningene i denne deklarasjonen vil bli fulgt opp av arbeidsprogrammer som fornyes regelmessig. Nordisk ministerråd for utdanning og forskning og Nordisk ministerråd for kultur vil sikre at programmene utarbeides, vedtas og implementeres av relevante sektorer med henblikk på å nå målene i denne deklarasjonen.